Categories
Nyheter

Møt arrangørane: USN

Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Søraust-Noreg er ein av dei fire arrangørane av VIRAK 2025.  

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) har om lag 17 000 studentar og 1 900 tilsette. Vi tilbyr profesjons- og arbeidslivsretta utdanning, forsking og formidling av kunnskap med høg internasjonal kvalitet. Vi har over 300 studium fordelt på bachelor- og masterløp, inkludert næringsbachelor og industrimaster som kombinerer studiar og lønna arbeid. USN tilbyr høgaste vitskaplege grad – doktorgrad eller ph.d. – innan åtte fagområde. 

USN har campusar i Bø, Drammen, Horten, Kongsberg, Notodden, Porsgrunn, Ringerike og på Rauland. Frå hausten 2024 tilbyr vi også studium i Hallingdal.  

Campus Bø USN. Foto: Nils Kalve

Universitetsbiblioteket har 45 tilsette, fordelt på åtte campusbibliotek. UB har god kjennskap til lokale behov, samtidig som vi utviklar tenester for undervisning og forsking på tvers av campus. I 2023 hadde vi over 900 000 besøkande og 10 000 deltakarar på kurs. 

USN er resultatet av fusjonar mellom tidlegare høgskular. Høgskulen i Søraust-Noreg blei danna 1. januar 2016 då Høgskulen i Buskerud og Vestfold fusjonerte med Høgskulen i Telemark. Den tidlegare høgskulen blei tildelt status som universitet av Kongen i statsråd 4. mai 2018.  

– Det er moro å bidra til denne felles møteplassen i sektoren, seier Ellen Hermanrud, biblioteksjef ved USN. Saman med Høgskulen i Østfold, NMBU og Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold skreiv ho søknaden til UHR-B om å få arrangere VIRAK 2025. – VIRAK-konferansen er jo staden vi blir fagleg oppdaterte, finner inspirasjon, bygger nettverk – og så må det vere nyttig. Det er fint å samarbeide fleire for å lage ein god konferanse. 

Ellen Hermanrud leier styringsgruppa, og ser fram til å få vist fram Drammen som studieby under konferansen. USN har seks tilsette med i arrangørgruppa, inkludert prosjektleiar Mari Hopland. 

Ellen Hermanrud og Mari Hopland. Foto: Virak

– VIRAK-konferansen er jo UH-biblioteka sin konferanse, med lang historie og høge forventningar, seier Mari Hopland. Eg synest det er veldig gøy å planleggje og finne godt innhald til dei to dagane vi får saman 4. og 5. juni. Dessutan er det spesielt spennande i år når vi har med Fylkesbiblioteket ABØ på laget, og får sette ekstra fokus på korleis UH-biblioteka kan samarbeide med andre bibliotek, kva studentane kan før dei kjem til oss og korleis det er å studere nettbasert langt frå campusbiblioteket, men tett på eit folkebibliotek. Vi prøver å bygge opp programmet så alle i uh-biblioteka skal finne noko nyttig, anten dei jobbar mest med forskingsstøtte, bibliotekutvikling eller studentretta bibliotektenester.