NORIL står for Nordic Journal of Information Literacy og blei gitt ut første gong i 2009.
Tidsskriftet er tett knytt til informasjonskompetanse, pedagogikk og bibliotek i høgare utdanning. Tidsskriftet er på nivå 1 i kanalregisteret og har som mål å spegle det som skjer innanfor forsking og praksis på feltet. Artiklane i NORIL er fagfellevurdert og vi har både temanummer og eigne spesialnummer for konferansar som VIRAK og Creating Knowledge.
Redaktørgruppa i NORIL er førstebibliotekar Hilde Moore (UiA), førstebibliotekar Hannah Tischmann (UiS) og universitetsbibliotekar Solveig Kavli (HVL).
Dei har alle ei sterk interesse for undervising og forsking i bibliotek i høgare utdanning.
To av dei har vore bidragsytarar inn i undervisingsressursar som Kildekompasset og Søk & Skriv, og to av dei har jobba tett med informasjonskompetanse og utvikling av skrivestøtte i høgare utdanning.
Dei ser alle tre fram til å bidra til og få på plass eit framifrå tidsskrift basert på artiklar i etterkant av årets VIRAK og gleder seg til samarbeid med gjesteredaksjonen.
Hilde og Hannah vil vere til stades på VIRAK og de må gjerne kontakte dei i pausane om de vil ha litt oppmuntring om korfor det er smart å skrive om kva som skjer i bibliotek og publisere det i NORIL.
God skriving!