1. Workshop: Tilgang til vitskapelege e-ressursar for forskarar «på tvers» Sted: Georg Sverdrups hus, Stort møterom

Sted: Georg Sverdrups hus, Stort møterom, (rom nr 2531)

Gerd Vik, Høgskulen på Vestlandet/ Biblioteket Sogndal

Tidsramme: 90 minutter

Målet med workshopen

er å presentere og diskutere løysingar og modellar for små forskingsinstitutt og forskarar som står utan tilgang til viktige e-ressursar: Kven er aktørane og kva modellar vil vera tenlege? Korleis kan dette gjerast på ein rasjonell og fleksibel måte?

Bakgrunn for vårt tema

Kva gjer forskaren viss ho ikkje får tak i dei ferskaste og mest relevante forskingsresultata? Korleis kan ho som arbeider i ein liten institusjon eller i offentleg forvaltning utanfor UH-sektoren få dekt sine behov for digitale databasar og forskingslitteratur?

Store lisensavtalar er kompliserte, det er behov for spesialiserte tenester, men små einingar har sjeldan eige bibliotek eller kompetanse til å ivareta slikt arbeid. Kva hjelp kan dei få?

Rundt om i landet er det berre nokre få slike institutt som har fått etablert ordningar i samarbeid med sitt næraste UH-bibliotek. Mange manglar avtalar eller ordningar.

UH-nett Vest* har tatt tak i desse problemstillingane gjennom prosjektet «På tvers». Mandatet for prosjektet er at ein saman med Ceres (tidlegare Cristin) søkjer å utvikle meir fleksible modellar for fellesløysingar for korleis desse organisasjonane kan løyse sine behov for effektiv tilgang til digital vitskapeleg forsking. Dette kan vera løysingar på nasjonalt nivå eller på regionalt nivå, via aktuelle bibliotek i UH-sektoren.

Opplegg

Vi ønskjer diskusjon og innspel frå deltakarane. Vi vil ha 5 innleiingar til temaet på ca 7-8 minutt på kvar. Vi legg opp til korte, oppklarande spørsmål mellom kvar innleiing og ein samla debatt til slutt. Oppsummering.

Innleiarar

  • Presentere prosjektet «På tvers III» og litt om forløparane v/ Gerd Vik, prosjektleiar og spesialbibliotekar ved Høgskulen på Vestlandet
  • UH-biblioteka – problemløysarar eller portvaktarar v/ seksjonssjef Paul Simon Svanberg, Universitetet i Bergen
  • Berre ein dråpe i havet? Nord universitet sine erfaringar med å forhandle avtalar med dei store forlaga på vegne av Nordlandsforskning v/ spesialbibliotekar Clara A. Hagtvedt Lunndal ved Nord universitet
  • Kort introduksjon til kva lisensar vi snakkar om: Kva kan Ceres gjera og ikkje gjera i dette arbeidet i dag v/ rådgivar Solveig Wikstrøm, Ceres
  • Finst det andre løysingar – frå andre land – som kan vera relevante å vurdere? Kva vil vera ein ideell modell? Solveig Wikstrøm og fleire frå gruppa.

*UH-nett Vest er eit nettverksamarbeid som er etablert av 6 UH-institusjonar på Vestlandet.

Meir om På tvers-prosjektet Prosjektet sine nettsider